Stein Joar Hegland, Brekka, Brekkeflaten 6,
6854, Kaupanger
41501553

Sauene i Brekka går ute heile året. Om vinteren har dei god plass og får heimeprodusert grovfôr som er tilgjengeleg heile tida. Dei kan gå inn under tak, men med den gode heilårsulla så trivst dei best ute. 

Om våren har dei tilgang til friske og urterike innmarksbeiter, og lammar ute i april-mai. Vi følgjer med og hjelper til ved behov. Når lamminga er unnagjort så er det totalt mellom 70 og 80 firbeinte som meskar seg her på Brekkabøen. 

Om sommaren går dei i fjellfuruskogen på Kaupangerhalvøya, med utsikt til fjella og fjordane i indre Sogn. Beitinga til sauene er med å oppretthalde kulturlandskapet både på garden og i fjellet. 

Om hausten kjem dei ned att mot bygda og vi hentar dei heim til friske beiter. Lamma er i god kondisjon før slakting i oktober, og søyene er klare for paring i desember. 

Vi er stolte over å kunne tilby godt kjøt, av høg kvalitet, frå gamalnorsk spelsau direkte levert til deg.

På Brekka, som ligg sentralt midt i Kaupanger, bur vi, Maria og Stein Joar, saman med tre ungar, tretti høner og ein hund. Vi sel også tillegg egg til abonnentar og planter til faste opplegg. I tillegg til å vera sauebønder så jobbar vi med den levande naturen. Maria er naturforvaltar host Statsforvaltaren i Vestland og Stein Joar er professor i økologi på Høgskulen på Vestlandet.