Personlege prosjekt


FJORD/LAND

Eg arbeider med eit langsiktig fotografisk prosjekt som dokumenterer samtidsliv og kultur i fjordlandskapet på Vestlandet. Prosjektet utforskar forholdet mellom menneske, dei materielle omgjevnadene deira og landskapet dei lever i, med særleg merksemd på korleis kvardagslivet grip inn i, formar eller bryt med venleiken og det storslegne i fjordane og fjella i Vestland.